torsdag 30. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt...

Frå eg gjekk i 2. klasse til eg byrja i 7. klasse hadde eg ei heilt fantastisk lærerinne. I og med at eg byrja på denne skulen i 2. klasse fekk eit godt forhold til denne læararen. Ho tok i mot meg i klassen på ein heilt utolig måte og det tok ikkje lang tid før eg var ein del av gjengen. Ikkje bare var ho ein god pedagog med god fagleg kompetanse, ho hadde det lille ekstra som evnen til å sjå alle elevane i klassen. Det kan jo selvfølgelig og komme av at me ikkje var ein stor klasse. Me var vel omlag 12 elevar i klassen og det gjorde at me fekk eit ganske godt klassemiljø. Ting eg hugsar godt er at me i 5. klasse feira bursdagen til vaskedama på skolen. Hu blei 40 år og me feira det med kake og brus. Dette var noko som læraren gorde som laga eit godt klassemiljø og eit godt forhold til dei andre tilsette på skulen. Andre ting eg hugsar med denne læraren er når ho las bøker høgt for oss i matpausen eller i slutten av siste time. Eg hugsar spesielt godt når ho las "Knerten". Ein gong, eg trur det var i 6. klasse, hadde me lesekveld på skulen med overnatting. Me skulle lese mest mulig den kvelden og så skulle me telle sidene og skrive bokmelding på ulike små lappar sånn at me kunne henge lappane opp på veggen som ein orm.. Sjølv om me denne kvelden blei ganske distrakerte meg å flørte med gutane og spele kort så var det ein vellykka kveld og det var ingen klager. Sjølv om me ville ha denne læraren med oss til 7. klasse så var det omstendigheter som gjorde at det ikkje blei slik, men me fekk nye lærarar som også var kjekke.
Denne læraren har vert ein av grunnane til at deg har valgt å bli lærarstudent ved HSH og ho gidde meg og resten av klassen ei fantastisk tid på småskulen og mellomsteget.

mandag 27. august 2007

Kommunikasjon og samarbeid

I dag begynte vi pedagogikken med felles undervisning i rom103 der temaet var kommunikasjon. Me høyrde om sammarbeid mellom dei forskjellige sammarbeidspartnerane innan skulen og det offentlige, som eg syntes var ganske interessant... dette gjer at me kan forstå mykje av det som kreves av ein lærar når de kjem til sammarbeid i skulen. Undervisninga handla og litt om bruken av kroppssråk. Bruk av kroppsspråk er ein veldig viktig del av det å vera lærar og det blir godt lagt merke til av elevane og dei andre tilsette. Det var mykje av dette eg ikkje viste fra før som det at kroppsspråket blir lagt så godt merke til av elevane. Dette kan vere ein viktig ting å vite når me skal ut i praksis... Bruken av kroppsspråk tok vi me oss videre til dei neste to timane der me såg ein episode av "Kroppen", eit program vist på NRK. Dette programmet viste på ein god måte korleis enin kan bruka kroppsspråket på forskjellige måtar o.s.v.... Etterpå hadde vi en mimelek der me i grupper skulle mime forskjellige yrker med nokre særtrekk, som for eksempel "kokk med mat-allergi". Dette gjorde at me på ein enkel måte kunne bruke vårt eige kroppspråk på ein god måte. På slutten la me køyreplanar for korleis me skal jobbe innad i praksisgruppa. Dette kan hjelpe oss med å løyse interne konflikter i gruppa og liknande.

Det er spennande å sjå tilbake på dette temaet nå når eg har vore i praksis. at kroppspråket er 70% av all kommunikasjonen er ganske spesielt og det er viktig for deg som lærar og passe på korleis du brukar kroppspråket ditt når du er ute i skulen. Det er viktig å vise med heile kroppen at du faktisk meiner at den tegningen er fin eller fortellingen er bra, det nyttar ikkje at du seier det viss kroppsspråket seier det motsatte. det er noko som til og med dei yngste elevane legg godt merke til.

Når det gjeld kommunikasjon er det viktig å vere tilstede når du snakkar med ein elev. Eg har sjølv med erfaring både frå arbeid barnehage og praksis i skulen erfart at dersom du ikkje er tilstede i samtale med borna og har tankane din heilt andre stader merkes det godt.

Å vera sint......
det er lett.
Men å vera sint til rett tid,....
I rett grad,......
på rett person......
på rett måteog
av rett grunn
....det er ikkje lett.

Dette synes eg seier mykje. Det er lett å brase ut med noko som du synes er skikkelig urettferdig og som virker så bra og få ut av systemet men du tenker ikkje alltid på om det går ut over rett person. Då er det viktig å kommuniserer godt og då kanskje me slepp slike utblåsingar.

Etter å ha jobba tett med samme personane i praksis i eit heilt år er det lett å få slike ublåsingar av og til og då er det viktig at me kan kommunisera oss gjennom problema. Eg føler at me i praksisgruppa mi har klart å kommunisera godt med kvarandre gjennom perioden og me er framleis venner.

Kvifor lærar, kvifor HSH?

Ja, kvifor har eg valgt akkurat dette studiet? Eg valgte lærarutdanninga fordi eg synes at dette virka som ei utdanning som passa meg. Eg likar å omgås andre mennesker og likar å vera sosial:) Eg tvilte ganske mykje på om dette var den rette retninga å gå i mitt tilfelle, men nå etter å ha gått ei vekes tid synes eg at dette kan vera tingen. Grunnen til at eg valgte akkurat HSH er egentilg ganske tilfeldig. Hadde ikkje dei store forventningane. Grunnen til at eg havna her er at det var nært Auklandshamn og dermed slapp eg å flytte ut frå heime i frå....


Oppstraten av pedagogikk og blogging

Her kjem litt om oppstarten av pedagogikken og blogging som metode. Dette var jo eit innlegg som skulle vore lagt ut i byrjinga av året men sidan det ikkje blei lagt ut så blir dette eit innlegg som blir litt annleis.

I etterkant av året ser eg at pedagogikkfaget har vore eit krevjande fag og eg ikkje var forberedt på. Hadde lite eller ingen forventningar til faget før eg starta på lærarutdanninga. Men etter å ha hatt pedagogikk i eit år nå så har er meir og meir fårtt interesse for faget.

Når det kjem til blogginga så var blogging eit heilt nytt felt for meg når eg byrja på lærarstudiet. Eg starta med blogginga med godt mot, men når noko er heilt nytt tar det litt tid å komme inn i det. Når eg ser tilbake på arbeidet med blogginga ser eg at eg sjølv kunne vore flinkar med oppfølginga og spesielt det å vere kritisk venn (noko som eg synst har vore ganske vanskelig)

mandag 20. august 2007

Presentasjon

Eg er ei jenta fra Auklandshamn i Sveio. Eg er 18 år, blir 19 i oktober, og bur saman med familien min, mamma og to søsken. Eg har gått på Skeisvang videregående skole i Haugesund der eg gjekk på allmenn og var russ i 2007. Mine valgfag var matte, fysikk og kjemi. Mine interesser er å vera saman med venner, sjå film og høyra på musikk. I helgene arbeidar eg på ein Rimi-butikk i Sveio sentrum. på denne butikken har eg jobba i eit år ved siden av skulen. nå blir det lite jobbing ved siden av studiene. Eg har valg å studere allmennlærar ved HSH på grunn av at eg likar å arbeide med mennesker og derfor tenkte eg at dette kunne vera interessant.

Ein liten oppdatering
I løpet av mitt år her på Stord har eg flytta frå Auklandshamn til Førde. Førde er ein plass eg har budd mesteparten av liver mitt så det føles godt å vere tilbake. Eg har så klart også fylt 19 i løpet av perioden. Eg har framlei dei samme interessene men i løpet av lærarstudiet har eg begynt å jobbe ein del i ein barnehage og interessen for borns utvikling har blitt stor. Eg jobbar framleis litt på Rimi, men begynner å miste interessen for akkurat det. Er så mykje anna som er meir inreressant. Eg ser i etterkant at interesssen for mennesker er viktig i yrket som lærar og i løpet av dette året føler eg at deg er blitt kjnet med mange kjekke og spennande mennesker og eg føler at eg har utvikla meg mykje på dette året.