mandag 29. oktober 2007

FRAMFØRING OG GJENNOMGANG

Denne dagen starta med at me endeleg fekk framført vårt oppdrag. Me hadde valgt og ta utgangspunkt i Dunn og Dunns lærinsstilsmodell. Eg synes at framføringa gjekk ganske bra, men me var ganske nervøse ettersom dette var den første framføringa/oppdraget me har hatt føre heile klassen, både A1a og A1b. Dermed blei me nok litt for opphengt i manus og det var kanskje ikkje så bra. Men me lære av våre feil og gjer det kanskje betre neste gang.

Etterpå hadde me ein gjennomgang av det som gruppene har gått gjennom i sine føredrag. Dette synes eg var ganske bra av den grunn at då fekk me det litt systematisert sånn at me enklare kan nytta det i praksis. Birgit valgte og bruke tankekart når ho presenterte dette for oss og det synes eg var ein god måte å legge dette fram på grunn av at det er så mange forskjellige personar og ord, og det kan derfor vere lett og dette av.

På slutten av dagen fekk me innføring i ei tverrfaglig oppgåve som me skal ha på tvers av faga pedagogikk og matte. Oppgåva går ut på at me skal lage eit undervisningsopplegg som skal utførast og me skal reflektere litt rundt dette i etterkant og sei korleis det gjekk.

Heilt på slutten av dagen i dag skulle me ein tur på datarommet. Der skulle me lære oss litt om korleis me skulle ”ordne” teksten vår. Det gjekk på overskrift, figurar, innhaldsliste, topp og bunntekst, osv. Dette Synest eg for min del var ganske nyttig, men det var jo noko som var kjent frå før. Likevel var det greitt med litt repetisjon.

Eg synst den 2. praksisperioden var kjempe spennande mykje fordi at alt var heilt nytt og det var spennande å stå forran ein klasse for aller fyste gongen heilt alleine. Det å stå forran klassen var vel ein av dei tinga heg hugsar mest frå denne perioden.
Ein annan ting som eg hugsar godt er turen me hadde til Haugesunds Avis. Det var svært spennande og eg hugsa godt den gongen når eg sjølv gjekk i 7. klasse og var på besøk i Haugesunds Avis.

Under mi tid på lærarutdanninga og i løpet av praksisemn på Skåredalen skole har er fått ein forkjærlighet for MI-teorien. Det er sikkert mykje fordi at Skåredalen skole er ein MI-skule. Gardner ynskjer å fokusere på kor forskjellige elevane er og det skal fokuserast på eleven sine sterke sider. Gardner la vekt på evnen til å løyse problem, og evnen til å bruke kunnskap i nye situasjoner.
Gardner lanserte MI-teorien (multi-intelligenser) på 80-talet.

Han la fram åtte forskjellige personlige intelligenser:

Språklig intelligens
Logisk – matematisk intelligens
Romlig intelligens
Kroppslig – kinestetisk intelligens
Musikalsk intelligens
Interpersonlig intelligens
Intrapersonlig intelligens
Naturalistisk intelligens

FRAMFØRINGAR AV OPPDRAG

I dag hadde dei fleste gruppene framføring av sine oppdrag. Eg synes sjølv at det var ganske interessant at framføringane blei så pass ulike når alle hadde hatt det same pensumet dei skulle lesa i forkant. Framføringane varierte frå det tradisjonelle føredraget til vising av film og skodespel. Eg synes at eg sjølv og fekk mykje ut av dess framføringane i og med at det var så pass forskjellig det dei forskjellige gruppene la fram. Og dermed fekk me med mykje av det som var pensum. Etter at kvar gruppe hadde framført så skulle den gruppa som skulle framføre etterpå gi litt tilbakemelding om korleis dei hadde opplevd framføringa og kanskje gi litt kritikk rundt dette.
Vår gruppe skulle jo eigentlig ha framføring denne måndagen, men så oppstod det nokre uforutsette tekniske problem med filmen og sidan filmen var ein så pass stor del av vår framføring, valgte me å utsette den ei veke.

Vår gruppe hadde valgt å ta utgangspunktet i Dunn og Dunns læringsstilsmodell. Denne læringsstilen er basert på et syn om at alle kan lære, men ulike personar har ulike styrker og at ein person/elev har lettare for å lære dersom han kan bruke sine sterke sider. Dunn og Dunns læringsstilsmodell kan gjere elevane og lærarane bevisst på korleise elevna lærer best og då kan elevane betre ta kontroll over eitgen læringsprosess.
Det som kan vere negativt ved Dunn og Dunns læringsstil er at det er svært tidskrevjande.

Eit pedagogisk grunnsyn er den virkelighetsoppfatningen, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk virksomhet. Det pedagogiske grunnsynet legger grunnlaget for korleis samspillet i ei gruppe skal vere. Det er ikkje lett å få alle som jobber på samme skeule eller i samme barnehage til å vere 100% enige, men det er viktig at alle står på samme "platform" og dermed har samme synspunkt.

OPPDRAGET

I dag fekk me eit oppdrag me skulle utføre. Me skulle gjere oss kjente med dei ulike læringsteoriane og teoretikarane rundt dette. Me fekk ganske mykje pensumstoff som skulle gjennomgåas i forkant. Me fekk og presentert ei tidslinje som eg synes kunne vore ein god hjelp. Dette pensumet skulle hjelpe oss til å finne det me synes var det ”rette” for oss. Me skal seie noko om korleis me trur born lærar, kva syn me har på kunnskap, korleis ein skal undervise på best mogleg måte og korleis me skal kunne motivere elevane. Derfor var det ganske viktig at me fordelte det arbeidet som skulle fordelast godt oss imellom og avgrensa dette. Me set så opp ein forpliktande arbeidsplan innan i praksisgruppa. I tillegg avtala me ei møtetid. Sidan me sjølv kunne velje framføringsmetode kom me sånn ca fram til at me ville prøve på å lage ein film som skulle vere ein del av vår presentasjon.
Eg synes at dette var ein god måte å arbeide på og eg synes at dette stoffet kan bli veldig relevant når det kjem til praksis.

torsdag 18. oktober 2007

Å leie basisgruppa

Denne økta tok føre seg korleis ein som lærar kan på ein god måte leie basisgruppa si. Dette er viktig fordi samfunnet i dag er i stadig omveltning. Mange snakkar om "livslang læring". Me må videreutdannast, omskolerast og me skiftar jobb opp til fleire ganger. Både det at unge i dag veks opp i e-generasjonen og dei nyare oppvekstvilkåra gjer at ein lærar har mykje å sette seg inn i og ta hansyn til. I dag er det færre som giftar seg enn for eit par år sidan og det er fleire skillsmisser. Det som eg tykjer kan vere vanskeleg for ein leier av ei basisgruppe er at han skal kunne ha autoritet utan å være autoritær. Eg tykjer det kan vere vanskeleg å balansera dette. Det å vise forståing og vera eit medmenneske tykjer eg er svært viktig. Dette må ein lærar kunne. Og så klart må ein lærar ha fagleg fokus og kunne sette grenser. Eg tykjer også at ein lærar må kunne vere rettferdig på den måten at han behandlar elevane likt, men allikevell kunne sjå situasjonen an. Det at ein lærar kan undervise og har eit slik stemmebruk at han kan hålle konsentrasjonen oppe hos elevane og at det ikkje blir kjedlig er viktig. han må kunne engasjere elevane. Ein lærar må kunne takle overgongane mellom ulike fag og timar slik at det ikkje blir mykje uro. Dette har eg erfart at kan vere ganske vanskeleg i og me at det blir mykje bevegelse i klasserommet. Her er det viktig med rutiner. Det er og særdeles viktig for ein leiar at han har eit godt samarbeid med foreldra for å sikre eit godt klassemiljø, då kan foreldra føle seg meir inkludert. Noko som gir ein positiv virkning. Foreldra kan vere til hjelp. Av eigen erfaring meiner eg at det er viktig at det er varierande arbeidsmetodar i ulike tema.
I nokre tilfeller er det og viktig at læraren ber om hjelp frå ulike parter som ppt eller andre slike parter. Respekt er veldig viktig når det kjem så langt. Respekt for elevane og foreldra deira.

Ulike undervisningsmetodar
Eg syns at det er viktig at ein lærar har ulike undervisningsmetodar å spele på for å lage variasjon i undervisningar. Dette er spesielt viktig i henhold til tilpassa opplæring. Tilpassa opplæring er lovfesta og alle elevar har rett på tilrettelagt undervisning. derfor er det viktig for ein lærar å ha fleire metodar å spele på for at elevane i basisgruppa skal få mest mogleg utbytte av undervisninga.

søndag 7. oktober 2007

Pedagogikk, didaktikk - dikkedikk

Dette var den første pedagogikktimen etter praksis og undervisninga tok føre seg kva didaktikk er for noko. Den tok og føre seg spørsmålet om det er for mykje dikking i den norske skulen. Dte er kommet uttalelsar frå fleire hald om akkurat dette temaet og det er mange måtar å sjå det på. Eg meiner det at det må vere ein balanse mellom dikking og undervisning. Elevane må føle seg konfortable på skulen, men dei bør og forstå at det må jobbast. Me fekk og ein innføring i den generelle delen av læreplanen og oppgåver rundt dette. Desse oppgåvene gjorde at me fekk ein fin gjennomgang av denne delen av læreplanen og syn rundt dette. Det er skremmande, synes eg, at ein del lærerar veljer å legge læreplanen på hylla og jobbe likt heile tida. Læreplanen er ein viktig del av undervisninga og bør nyttast. Dette var ting eg ikkje har tenkt over før. Ein av dei viktigaste tingene eg fekk ut av denne økta var kor viktig læreplanen er for ein lærar og det er viktig å forholde seg til denne.