Denne dagen starta med at me endeleg fekk framført vårt oppdrag. Me hadde valgt og ta utgangspunkt i Dunn og Dunns lærinsstilsmodell. Eg synes at framføringa gjekk ganske bra, men me var ganske nervøse ettersom dette var den første framføringa/oppdraget me har hatt føre heile klassen, både A1a og A1b. Dermed blei me nok litt for opphengt i manus og det var kanskje ikkje så bra. Men me lære av våre feil og gjer det kanskje betre neste gang.
Etterpå hadde me ein gjennomgang av det som gruppene har gått gjennom i sine føredrag. Dette synes eg var ganske bra av den grunn at då fekk me det litt systematisert sånn at me enklare kan nytta det i praksis. Birgit valgte og bruke tankekart når ho presenterte dette for oss og det synes eg var ein god måte å legge dette fram på grunn av at det er så mange forskjellige personar og ord, og det kan derfor vere lett og dette av.
På slutten av dagen fekk me innføring i ei tverrfaglig oppgåve som me skal ha på tvers av faga pedagogikk og matte. Oppgåva går ut på at me skal lage eit undervisningsopplegg som skal utførast og me skal reflektere litt rundt dette i etterkant og sei korleis det gjekk.
Heilt på slutten av dagen i dag skulle me ein tur på datarommet. Der skulle me lære oss litt om korleis me skulle ”ordne” teksten vår. Det gjekk på overskrift, figurar, innhaldsliste, topp og bunntekst, osv. Dette Synest eg for min del var ganske nyttig, men det var jo noko som var kjent frå før. Likevel var det greitt med litt repetisjon.
Eg synst den 2. praksisperioden var kjempe spennande mykje fordi at alt var heilt nytt og det var spennande å stå forran ein klasse for aller fyste gongen heilt alleine. Det å stå forran klassen var vel ein av dei tinga heg hugsar mest frå denne perioden.
Ein annan ting som eg hugsar godt er turen me hadde til Haugesunds Avis. Det var svært spennande og eg hugsa godt den gongen når eg sjølv gjekk i 7. klasse og var på besøk i Haugesunds Avis.
Under mi tid på lærarutdanninga og i løpet av praksisemn på Skåredalen skole har er fått ein forkjærlighet for MI-teorien. Det er sikkert mykje fordi at Skåredalen skole er ein MI-skule. Gardner ynskjer å fokusere på kor forskjellige elevane er og det skal fokuserast på eleven sine sterke sider. Gardner la vekt på evnen til å løyse problem, og evnen til å bruke kunnskap i nye situasjoner.
Gardner lanserte MI-teorien (multi-intelligenser) på 80-talet.
Han la fram åtte forskjellige personlige intelligenser:
Språklig intelligens
Logisk – matematisk intelligens
Romlig intelligens
Kroppslig – kinestetisk intelligens
Musikalsk intelligens
Interpersonlig intelligens
Intrapersonlig intelligens
Naturalistisk intelligens
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei, Camilla...
Eg tykkjer de var kjempeflinke, og sjølv om manuset vart viktig, så skal de hugsa på at det er fyrste gongen de stod foran samla klasse og skulle leggja fram eit oppdrag. Med det i tankane, tykkjer eg alle har gjort seg fortente til applaus. Og så likte eg veldig godt at de hadde med kritikken mot Dunn & Dunn, for det å vera litt kritisk er og viktig. Ingen av læringsteoriane per i dag her HEILE svaret på kva som er god, tilpassa undervisning...
Birgit :-)
Hei, Camilla....
Kjekt med fokus på Dunn og Dunn, hadde sjølv ikkje lese for mykje om dei.Det er ikkje lett¨å stå foran heile klassen, ein trur ein har kontroll... så sjelv knea likevel. Men dette må vi berre lære oss,og øvelse gjer meister.
Tankekart er ein flott metode å bruke, og no då me var i praksis brukte eg dette litt. Jammen var det ein kjekk praksisperiode, og eg trur dei fleste likte seg godt. Kva hugsar du best,og korleis gjekk det då du skulle undervise sjølv?
Skal bli kjekt i morgon...plan B.
:-D Kesia
Legg inn en kommentar