tirsdag 4. desember 2007

Undervisningsplanlegging

Denne økta gjekk me gjennom kva ein lærar må tenkje gjennom før og under undervisninga. Me gjekk dermed gjennom 10 tesar for god undervisning. Me fekk forklaring på kva didaktikk eigentlig er og de gjekk gjennom definisjonar på dette.
Me fekk høyre om planlegging på ulike nivå som spenner seg frå ei undervisningsøkt til ein årsplan. Dei orda som er viktige å tenkje på i forkant av ”Kva? Kvifor? og Korleis?.
Kva skal undervisninga og aktivitetane handla om. Kvifor har du som lærar tatt dei vala du har tatt og korleis skal undervisninga og aktivitetane tilretteleggast.
Læringsmål: Læringasmåla må ha ulik vanskegrad innanfor ulike taksonomiske nivå noko so eg tykkjer kan vere vanskeleg å få til. Dei skal vere konkrete og lokalt utarbeidde.
Kunnskapstrappa: Denne trappa tar føre seg dei forskjellige nivåa i tilegnelsen av kunnskap. I botn av trappa finn me reproduksjon av fakta og på toppen finn me vurdering på bakgrunn av ein totalforståelse.

Rammefaktorar: Kan både virke avgrensande og motiverande for elevane.
Det er viktig med variert vurdering.

Til slutt i denne økta skulle me finne læringsmål til elevane som me skal ha i praksis ut frå det temaet som dei skal ha i matte. Dette synes eg var ganske vanskeleg og me måtte prøve fleire gonger før me blei fornøgde med resultatet.

10 teser for god undervisning:
1. Tydlig struktur på undervisningen og læreprosessen.
2. Effektiv utnyttelse av læretiden.
3. Sammenheng mellom mål, innhold og metodevalg.
4. Mangfold av metoder og organiseringsmetoder.
5. Innøving av ferdigheter mentalt og fysisk.
6. Lærerens individuelle støtte til den enkelte elev.
7. Et undervisningsklima som fremmer læring.
8. Meningsskapende språk i undervisningen.
9. Tilbakemelding fra elevene omkring læreprosessens form og innhold.
10. Avklaring av krav og vurderingskriteringer til elevens presentasjoner.

Av desse ti tesene meiner eg at tese nr. 1 er ein av dei viktigaste. Det at det er tydlig struktur på undervisningen og læreprosessen fordi det gjer at elevane og læraren har "kontroll" og det meiner eg er viktig. Nr. 2 er og viktig fordi det å få mest mulig ut av undervisninga på tida som er satt av er vanskelig. Det er og viktig at læraren kan fagstoffet sitt. I den siste praksisperioden erfarte eg at det var ganske mykje enklare å undervise i eit tema som eg sjølv var sikker på.

Eg meiner at evnen til å planlegge er veldig viktig fordi viss ikkje alt er planlagt er det vanskeleg å få elevane til å forstå kva dei skal gjere i og med at du som lærar ikkje er sikker sjølv. Då får ikkje elevane det læringsutbytte som dei har krav på.

MAKVISE-prinsippa:
Motivere
Aktivisere
Konkretisere
Variere
Individualisere
Samarbeide
Evaluere

Alle desse punktene er viktige faktorer når det gjeld undervisningsplanlegging. Eg synes spesielt at det er viktig med punktet motivasjon. Det er viktig å motivere elevane slik at dei VIL lære.

Ingen kommentarer: