onsdag 26. september 2007

Observasjon

Siden dette var siste økt med pedagogikk før praksis så fekk me litt innføring i observasjon. Det gjekk mykje ut på evnen til empati og å observera seg sjølv under veis. Me fekk litt informasjon om kva me skulle legge vekt på under observasjonane vår, samt kva me ikkje skulle legge så stor vekt på. Det blei under denne økta ein del klarare for meg kva me skulle fokusere på under praksis. Det å velje ein spesiell ting å fokusere på om gangen kan vere litt vanskelig. Det blei og litt klarare korleis me skulle lage logg over observasjonsperioden og me fekk innføring i forskjellige observasjonsmetodar. Målet med ovservasjonsperioden skulle vere å finne ut "Korleis er born?" og eg synes denne økta ga meg eit godt bilete av korleis me skal gå fram under praksisperioden.

Eg meiner at det er viktig for ein lærar å observere elvane sine fordi dersom dei er gode obsevatører kan dei sjå korleis elevane samarbeider med karandre. Korleis dei jobbar, men dersom dei også kjennar elevane godt kan dei sjå korleis dei har det for eksempel heime eller korleis dei trives i skulen.

Mine erfaringar frå observasjonspraksis
Korleis er born? Korleis er skulen?
Eg syns at eg sjølv hadde veldig godt av denne observasjonsveka i praksis. Eg følte at eg fekk eit godt innblikk i korleis Skåredalen skole organiserte skulekvardagen sin og korleis klassen sin skuledag fungerte. Det var spennande å sjå korleis elevane arbeida med skulearbeidet og det varspesielt spennande å sjå korleis elevane arbeidde med arbeidsplan.

Eg syns der imot at det var ganske vanskeleg å skrive logg over observasjonen. Eg syns det var vanskeleg å bestemma segkorleis eg skulle skrive loggen og kva eg skulle velge å loggføre.
Men i etterkant har loggen frå observasjonspraksis vore ganske nyttig.

søndag 9. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver

I denne økta tok me føre oss det som er viktige kunnskaper hos ein lærar. Me høyrde om Inge Eidsvåg som meinte i sine 10. bud for lærarar at det er viktig å fortella historiar og ta med seg nye ting til undervisninga. Dette er ting som du kanskje ikkje tenker over at ein lærar gjer når du sjølv er elev, men som det nok er lagt mykje forberedelse i. Me høyrde og om samarbeidet mellom heimen og læraren/skulen som er viktig. Dette tenkjer du heller ikkje så mykje over. Det er mykje ein lærar skal tenkje over og ta del i. Ikkje minst skal læraren ta del i oppdraginga av eleven. Læraren er i nokon tilfeller den vaksne personen eleven ser mest i løp av ein dag. Dette seier noko om kor viktig oppgåve det er å vere ein lærar. utanom dette skal læraren legge til rette undervisninga, planlegga og gjennomføra. Desse momenta er alle viktige å ta med seg ut i praksis. Det som og blei tatt opp var kva ein lærar skal gjere når det er mistanke om omsorgssvikt og korleis ein skal håndtere dette i ein klasse og kor ein skal venda seg.

Eg føler at ei av dei viktigaste oppgåvene ein lærar har er at han skal ta ein del i oppveksten og oppdragelsen til eleven. Dette kan og vere svært vanskeleg. Kor går grensene? Skal du som lærar kunne overstyre foreldra? Så klart skal du ikkje overstyre foreldra. Dei er jo foreldra. men kva om det er ein situasjon som krevjer at du må overstyre foreldra. Der kan vere at det er misstanke om omsorgsvikt eller liknande. Då er det viktig at læraren går videre med misstankane sine.

Det er også så klart viktig at ein som lærar er eit forbilde for eleven samt ein lærar som er ein leiar som skal leie eleven i rett retning. Det er og så klart viktig at læraren er godt forberedt til undervisnig og at han har sotte seg godt inn i pensun og læreplanane.
Eg vil oppmuntre dykk til å lese dei 10 yrkesetikse boda som ligg under innlegget om det yrkesetiske seminaret.

For meg sjølv som lærar vil eg håpe på at eg klarer å bruke lærarrollen til å vere både ein som er med å oppdrar eleven, ein leiar, eit forblidet og ein lærar som er godt forberedt til timane. Eg regner med at dette kan vere ganske krevjande og krevj ein del erfaring, mendet kjem nok med tida.