onsdag 26. september 2007

Observasjon

Siden dette var siste økt med pedagogikk før praksis så fekk me litt innføring i observasjon. Det gjekk mykje ut på evnen til empati og å observera seg sjølv under veis. Me fekk litt informasjon om kva me skulle legge vekt på under observasjonane vår, samt kva me ikkje skulle legge så stor vekt på. Det blei under denne økta ein del klarare for meg kva me skulle fokusere på under praksis. Det å velje ein spesiell ting å fokusere på om gangen kan vere litt vanskelig. Det blei og litt klarare korleis me skulle lage logg over observasjonsperioden og me fekk innføring i forskjellige observasjonsmetodar. Målet med ovservasjonsperioden skulle vere å finne ut "Korleis er born?" og eg synes denne økta ga meg eit godt bilete av korleis me skal gå fram under praksisperioden.

Eg meiner at det er viktig for ein lærar å observere elvane sine fordi dersom dei er gode obsevatører kan dei sjå korleis elevane samarbeider med karandre. Korleis dei jobbar, men dersom dei også kjennar elevane godt kan dei sjå korleis dei har det for eksempel heime eller korleis dei trives i skulen.

Mine erfaringar frå observasjonspraksis
Korleis er born? Korleis er skulen?
Eg syns at eg sjølv hadde veldig godt av denne observasjonsveka i praksis. Eg følte at eg fekk eit godt innblikk i korleis Skåredalen skole organiserte skulekvardagen sin og korleis klassen sin skuledag fungerte. Det var spennande å sjå korleis elevane arbeida med skulearbeidet og det varspesielt spennande å sjå korleis elevane arbeidde med arbeidsplan.

Eg syns der imot at det var ganske vanskeleg å skrive logg over observasjonen. Eg syns det var vanskeleg å bestemma segkorleis eg skulle skrive loggen og kva eg skulle velge å loggføre.
Men i etterkant har loggen frå observasjonspraksis vore ganske nyttig.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Korleis er born, og korleis er skulen? Dette var nokre av dei spørsmåla de skulle finna svar på gjennom observasjonspraksisen på Skåredalen skule. No har de vore i praksis, og kva sit du att med av erfaringar i høve til det å føre observasjonslogg t.d? Kva er nytteverdien av systematisk og bevisst observasjon av eigne elevar i skulen? Kvifor er dette arbeidet så viktig?

Birgit :-)