søndag 7. oktober 2007
Pedagogikk, didaktikk - dikkedikk
Dette var den første pedagogikktimen etter praksis og undervisninga tok føre seg kva didaktikk er for noko. Den tok og føre seg spørsmålet om det er for mykje dikking i den norske skulen. Dte er kommet uttalelsar frå fleire hald om akkurat dette temaet og det er mange måtar å sjå det på. Eg meiner det at det må vere ein balanse mellom dikking og undervisning. Elevane må føle seg konfortable på skulen, men dei bør og forstå at det må jobbast. Me fekk og ein innføring i den generelle delen av læreplanen og oppgåver rundt dette. Desse oppgåvene gjorde at me fekk ein fin gjennomgang av denne delen av læreplanen og syn rundt dette. Det er skremmande, synes eg, at ein del lærerar veljer å legge læreplanen på hylla og jobbe likt heile tida. Læreplanen er ein viktig del av undervisninga og bør nyttast. Dette var ting eg ikkje har tenkt over før. Ein av dei viktigaste tingene eg fekk ut av denne økta var kor viktig læreplanen er for ein lærar og det er viktig å forholde seg til denne.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar