mandag 29. oktober 2007

OPPDRAGET

I dag fekk me eit oppdrag me skulle utføre. Me skulle gjere oss kjente med dei ulike læringsteoriane og teoretikarane rundt dette. Me fekk ganske mykje pensumstoff som skulle gjennomgåas i forkant. Me fekk og presentert ei tidslinje som eg synes kunne vore ein god hjelp. Dette pensumet skulle hjelpe oss til å finne det me synes var det ”rette” for oss. Me skal seie noko om korleis me trur born lærar, kva syn me har på kunnskap, korleis ein skal undervise på best mogleg måte og korleis me skal kunne motivere elevane. Derfor var det ganske viktig at me fordelte det arbeidet som skulle fordelast godt oss imellom og avgrensa dette. Me set så opp ein forpliktande arbeidsplan innan i praksisgruppa. I tillegg avtala me ei møtetid. Sidan me sjølv kunne velje framføringsmetode kom me sånn ca fram til at me ville prøve på å lage ein film som skulle vere ein del av vår presentasjon.
Eg synes at dette var ein god måte å arbeide på og eg synes at dette stoffet kan bli veldig relevant når det kjem til praksis.

Ingen kommentarer: