Denne gongen var me ute i praksis i 2 veker. Eg vil seie at denne gongen fekk eg eit betre blikk i korleis læraryrket eigentlig er. Eg er nå litt meir trygg på at eg har valgt rett. Eg synes at det særleg var spennande å vera med å delta i undervisning, noko som var heilt nytt for meg. Eg synes og at det var kjekt å blir betre kjent med skulen og rutinane på Skåredalen. Det var og kjekt å bli betre kjent med elevane og ikkje minst var det lettar nå når me hadde klart å lære namna på dei. Det er var ikkje særleg kjekt å heile tida referere til DU når me skulle snakke med elevane.
Ein ting eg er sikker på at me på mi praksisgruppe har fått erfare er at det er særdeles viktig med god planlegging i forkant av ei undervisningsøkt. For eksempel prøvde me oss på prosjektarbeid i KRL. Temaet var buddhismen og elevane skulle anten dramatisere noko frå pensum, eller lage Power Point presentasjonar. Me fann fort ut at den første timen som dei skulle jobbe med dette ikkje var godt nok planlagt og dermed blei det ganske så mange forvirra elevar å forholda seg til og ein del av dei bare tok av på vei til datarommet. Til den neste økta hadde me planlagt litt betre og då blei det og ein betre arbeid. Under dette opplegget fann me og ut at det er viktig å planlegge tida godt. Sidan me tok føre oss heile pensum i boka blei det litt knapt med tid. Eg trur at elevane hadde hatt meir fagleg utbytte at prosjektet viss dei hadde hatt litt lenger tid på seg.
Eg synes og at det nå var lettare å sjå korleis forholda var mellom dei ulike elevane i klassen og det var nå lettare å sjå kven som trivdes å vere i lag.
Til å begynne med når me ikkje var så trygge på undervisningssituasjonen starta me på praksisgruppa med å ha ein undervisning der me var tre stykk som underviste. Det viste seg å ikkje vere heilt enkelt. Det gjekk greitt med to, men eg synes at det var lettare når det bare var meg aleine. Då synes eg at eg hadde betre kontroll på klassen og at elevane visste kven dei skulle forholda seg til av lærarane.
Eg følar alt i alt at eg har fått mykje ut av denne praksisperioden og ser fram til neste praksisperiode på nyåret!
Eit av måla eg hadde sotte meg før denne praksisperioden var å lære navnet på alle elevane i klassen. Når du kan navnet på alle elevane er det mykje enklare å kommunisere med dei. Eit anna mål var å bli tryggare i ein undervisningsitusajon siden det er heilt nytt og så var det ei utfordring å klare å disponere tida på ein riktig måte.
Eg føler at måloppnåinga var ganske bra. Eg klarte å lære meg navnet på alle elevane i klassen, utenom dei to einegga tvillingane....Det er vanskeleg:) blei litt tryggare på undervisningssituasjonen og det var knall kjekt å få prøve seg litt sjølv.
Når det kom til å bruke tida godt var det ganske vanskeleg og eg regnar med at det treng mykje øving til for å få det til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei Camilla:-D
Jammen har ikkje den kritiske venen din denne månaden vore heilt til stades for deg. Det er praksisen du oppsumerar og eg vil seie meg einig om at det vart ein betre kjennskap me fekk denne gongen til korleis det er å framstå framfor ein klasse,og det er berre å sjå fram til nye utfordringar neste år. Det var nok samvitet mitt som innhenta meg då eg skulle oppsumere for meg sjølv i dag....kva eg ikkje hadde hugsa på i desember. Eg vil på denne siste dagen i 2007 ønskje deg om medstudentar eit godt nytt år...og eg gledar meg til fleire utfordringar neste år. GODT NYTT ÅR
Hei, Camilla...
Det er ei god stund sidan du publiserte siste innlegget ditt. På tide å oppdatera bloggen sin!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar