mandag 27. august 2007

Kommunikasjon og samarbeid

I dag begynte vi pedagogikken med felles undervisning i rom103 der temaet var kommunikasjon. Me høyrde om sammarbeid mellom dei forskjellige sammarbeidspartnerane innan skulen og det offentlige, som eg syntes var ganske interessant... dette gjer at me kan forstå mykje av det som kreves av ein lærar når de kjem til sammarbeid i skulen. Undervisninga handla og litt om bruken av kroppssråk. Bruk av kroppsspråk er ein veldig viktig del av det å vera lærar og det blir godt lagt merke til av elevane og dei andre tilsette. Det var mykje av dette eg ikkje viste fra før som det at kroppsspråket blir lagt så godt merke til av elevane. Dette kan vere ein viktig ting å vite når me skal ut i praksis... Bruken av kroppsspråk tok vi me oss videre til dei neste to timane der me såg ein episode av "Kroppen", eit program vist på NRK. Dette programmet viste på ein god måte korleis enin kan bruka kroppsspråket på forskjellige måtar o.s.v.... Etterpå hadde vi en mimelek der me i grupper skulle mime forskjellige yrker med nokre særtrekk, som for eksempel "kokk med mat-allergi". Dette gjorde at me på ein enkel måte kunne bruke vårt eige kroppspråk på ein god måte. På slutten la me køyreplanar for korleis me skal jobbe innad i praksisgruppa. Dette kan hjelpe oss med å løyse interne konflikter i gruppa og liknande.

Det er spennande å sjå tilbake på dette temaet nå når eg har vore i praksis. at kroppspråket er 70% av all kommunikasjonen er ganske spesielt og det er viktig for deg som lærar og passe på korleis du brukar kroppspråket ditt når du er ute i skulen. Det er viktig å vise med heile kroppen at du faktisk meiner at den tegningen er fin eller fortellingen er bra, det nyttar ikkje at du seier det viss kroppsspråket seier det motsatte. det er noko som til og med dei yngste elevane legg godt merke til.

Når det gjeld kommunikasjon er det viktig å vere tilstede når du snakkar med ein elev. Eg har sjølv med erfaring både frå arbeid barnehage og praksis i skulen erfart at dersom du ikkje er tilstede i samtale med borna og har tankane din heilt andre stader merkes det godt.

Å vera sint......
det er lett.
Men å vera sint til rett tid,....
I rett grad,......
på rett person......
på rett måteog
av rett grunn
....det er ikkje lett.

Dette synes eg seier mykje. Det er lett å brase ut med noko som du synes er skikkelig urettferdig og som virker så bra og få ut av systemet men du tenker ikkje alltid på om det går ut over rett person. Då er det viktig å kommuniserer godt og då kanskje me slepp slike utblåsingar.

Etter å ha jobba tett med samme personane i praksis i eit heilt år er det lett å få slike ublåsingar av og til og då er det viktig at me kan kommunisera oss gjennom problema. Eg føler at me i praksisgruppa mi har klart å kommunisera godt med kvarandre gjennom perioden og me er framleis venner.

2 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Flink du er som alt har reflektert:) Gerd Elin

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Eg tykkjer du oppsummerer ganske kort og forsåvidt greit noko av det vi tok opp i økta i går. Spørsmål du kanskje kan stilla deg i høve tema for å gå litt meir i djubda er: Var det noko du ikkje visste frå før som du no har lært? Var det noko du tykkjer er ekstra lurt når du skal ut og treffa elevane i praksis i høve dette med kommunikasjon og samarbeid? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane? KVA konkret var det med kroppsspråk episoden frå NRK du beit deg merkje i? Elles kan du godt ha overskrift på innlegg som passar med innhaldet i økta, som t.d. Kommunikasjon og samarbeid...

Birgit :-)