torsdag 24. januar 2008

Animasjon og biletbehandling

Måndag 3. Desember hadde me ei økt med animasjon og biletbehandling. Dette tykkjer eg var ganske interessant, men eg tykkjer og at me kunne hatt litt meir av dette på skulen. Eg for min del har litt vanskeleg med å ta meg tid til å gjere dette på eigenhand og finne ut av det sjølv.
Eg tykkjer at det var lærerikt med informasjon og undervisning i PhotoShop. Det var mykje eg ikkje visste om dette og det er ein god hjelp når me har tatt bilete og skal redigere dei. Det var og interessant å lære litt om korleis ein skal lage ein animasjon. Det er mykje å lære når det kjem til å bruke alle desse programma og det kan gå litt i stå, men tar tida til hjelp.





Dette er då plakaten min så eg laga denne dagen.



Dette er då animasjonen min. Meininga med ein animasjon er at den skal bevega seg. Det fekk eg ikkje til. Eg skrik derfor om HJELP! Korleis får eg blomsten min til å gro?

http://stud.hsh.no/home/127324/Animasjon/Blomst.gif

Animasjon og biletbehandlig kan vere spennande å prøve seg på ute i praksis. Desverre fekk me ikkje moglegheiten til å prøve oss på dette i vår klasse, men eg kan tenkje meg at det kan vere spennande å bruke dette for eksempel i forbindelse med eit prosjekt det elevane jobbar med eit spesielt tema der det kan nyttast for eksempel animasjonar i framføringa eller at dei kanskje skal l der ein laga ei "veggavis". Dette meiner eg og kan nyttast i kunst og handverk-faget der ein lærara o animasjon og biletbehandling. Biletbehandling er jo ganske aktuelt på grunn av at nå har mange mobilar ganske brukbare kamera og unge tar mykje bileter og då er det kjekt å kunne fikse bildene sånn at dei blir slik du vil ha dei.

1 kommentar:

Marianne Håvik sa...

Hei Camilla! :)
Hadde problemer med ein stilleståande animasjon eg og, men her e det som Birgit skreiv te meg for å få an te å bevega seg ... Håpe du får blomsten te å voksa! :) Lykke te!

- Marianne! :)

Ho dansar om du legg ho inn som lenkja til animasjonen (altså om du lagra ho på w: din, kan du skriva inn adressa: http://stud.hsh.no/home/studnr ditt og så dansar ho som berre det (eg testa det ut i min eigen blogg for å vera sikker!)

Birgit :-)