torsdag 24. januar 2008

Barn og nye media: Punktpraksis 22.januar 2008

Denne dagen skulle me studentar ha ansvaret for ein dag i praksisklassen vår der me skulle nytte digitale verktøy. I førekant av denne dagen hadde me ein dag på praksisskulen der me observerte korleis klassen brukte digitale verktøy. Denne dagen brukte praksislæraren i hovudsak datamaskinane til å lage sektordiagram i Excel. Av praksislærar fekk me utdelt to tema, svartedauden og nettvett, til den dagen me skulle ha ansvaret for.. Me fekk 4. skuletimar til rådigheit. Me bestemte då at me skulle ha tre timar med hovudvekt på svartedauden og den siste timen ville me fokusera på nettvett.
Me bestemte oss for å fokusere på bruken av Power Point denne dagen. Me starta dagen med at me var på skulen ei stund før elevane for å gjere klar datamaskinane og internett. Me hadde på førehand laga ein Power Point presentasjon av svartedauden som me presenterte for elevane etter at me hadde spurt elevane litt om kva dei kunne om svartedauden frå før. Elevane kunne litt, men dei hadde meir å lære. Etter at me hadde gått gjennom vår presentasjon hadde me ein liten innføring i Power Point med elevane. Me fann ut at elevane eigentleg var ganske trygge på bruken av dette. Så skulle elevane sjølv lage ein presentasjon. Me hadde nokre kriterium: dei skulle ha med 5 bilete og ti faktasetningar (ein faktasetning på kvart lysbilete). Nokre elevar blei raskt ferdige med dette, medan nokon brukte lengre tid. På grunn av knapp tid hadde me avtala med praksislæraren vår at dei skulle ta framføringane av Power Point presentasjonane ein annan dag.
I slutten av tredje time starta me med temaet nettvett. Me gav elevane ein spørreundersøkelse om bruk av internett og diverse nettsider samt kva dei la ut på nettet om seg sjølv og andre. Me blei litt overraska over at dei faktisk la ut så pass mykje om seg sjølv som dei gjorde. Svara elevane gav oss brukte me når me bestemte kva me skulle leggje hovudvekt på i den siste timen. Den siste timen starta me med å snakke litt om nedlasting av film, musikk og spill frå internett. Diskusjonen tok føre seg nedlastingsprogram, i hovudsak Lime Wire, noko som elevane nytta ganske flittig. Ina har ein god del kunnskap om dette temaet og det gav elevane ganske god informasjon om kva som var lov og ikkje lov noko så dei satt stor pris på. Etterpå såg me to filmar frå dubestemmer.no som tok føre seg korleis nokon kan bruke nettet til å finne informasjon om deg som eg lagt på nettet. Til slutt snakka me med elevane litt om bruk av MSN og det å legge ut informasjon om seg sjølv på nettet og me gjekk gjennom Redd Barnas nettvettsreglar. Desse har me tenkt å ta opp igjen når me skal ut i praksis til våren.
Eg vil sei at dette var ein vellykka dag der elevane var engasjerte og arbeidde godt. Erfaringar me gjorde oss var det at det ikkje alltid er enkelt når ein skal bruke digitale verktøy, men me var heldige denne gangen. Internett fungerte eksemplarisk heile tida.

Nettvettreglar:
1. Du må aldreg fortelja nokon som du møtar på internett kva du heiter, kor du bur eller kva for ein skule du går på.
2. Ikkje send bileter av deg sjølv.
3. Bruk ei anonym e-post adresse når du surfar på internett og chattar med personar du ikkje kjenner.
4. Viss du skal møte ein person som du har chatta med på internett, må du ha med eg ein vaksen som du stolar på.
5. Hugs at personar som du chattar med kan vere uærlege og kan lyge på for eksempel alderen sin.
6. Du skal ikkje svare dersom du får ein skummel e-post eller blir redd når du chattar. Då seier du frå til ein vaksen og kan bytte e-post adresse.
7. Når du skal laste ned spel eller liknande, gjer det saman med ein vaksen.
8. Dersom du opplevar noko skummelt eller ubehageleg, meld frå til ein vaksen du stolar på. Eller du kan ta kontakt med politiet på www.tips.kripos.no

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Kjekt at Internett var eksemplarisk, og at de syns de fekk gjort ein god jobb, og at elevane koste seg. Lurt å ta opp att nettvettreglane i neste omgong. Vonar de kjem til å prøva meir bruk av digitale verktøy i neste praksisperiode?

Birgit :-)

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Camilla! Eg er spent på om du har nokre tankar kring ynskjeøkta vår?

Klem Malin