Frå eg gjekk i 2. klasse til eg byrja i 7. klasse hadde eg ei heilt fantastisk lærerinne. I og med at eg byrja på denne skulen i 2. klasse fekk eit godt forhold til denne læararen. Ho tok i mot meg i klassen på ein heilt utolig måte og det tok ikkje lang tid før eg var ein del av gjengen. Ikkje bare var ho ein god pedagog med god fagleg kompetanse, ho hadde det lille ekstra som evnen til å sjå alle elevane i klassen. Det kan jo selvfølgelig og komme av at me ikkje var ein stor klasse. Me var vel omlag 12 elevar i klassen og det gjorde at me fekk eit ganske godt klassemiljø. Ting eg hugsar godt er at me i 5. klasse feira bursdagen til vaskedama på skolen. Hu blei 40 år og me feira det med kake og brus. Dette var noko som læraren gorde som laga eit godt klassemiljø og eit godt forhold til dei andre tilsette på skulen. Andre ting eg hugsar med denne læraren er når ho las bøker høgt for oss i matpausen eller i slutten av siste time. Eg hugsar spesielt godt når ho las "Knerten". Ein gong, eg trur det var i 6. klasse, hadde me lesekveld på skulen med overnatting. Me skulle lese mest mulig den kvelden og så skulle me telle sidene og skrive bokmelding på ulike små lappar sånn at me kunne henge lappane opp på veggen som ein orm.. Sjølv om me denne kvelden blei ganske distrakerte meg å flørte med gutane og spele kort så var det ein vellykka kveld og det var ingen klager. Sjølv om me ville ha denne læraren med oss til 7. klasse så var det omstendigheter som gjorde at det ikkje blei slik, men me fekk nye lærarar som også var kjekke.
Denne læraren har vert ein av grunnane til at deg har valgt å bli lærarstudent ved HSH og ho gidde meg og resten av klassen ei fantastisk tid på småskulen og mellomsteget.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Ja, "det lille ekstra", som du seier, er ofte det som kjenneteiknar dei lærarane elevane skildrar som gode. Om ein ser innlegga i bloggane dykkar under ett, er det ein ting som går att hos nesten alle, og det er evna til å sjå alle elevane i klassen, samt det å bry seg om dei. Det er viktig å ta med seg vidare.
At de feira bursdagar, og hadde overnatting på skulen, er sånne andre ekstra ting som ein kan henta inspirasjon frå i høve til eiga lærarrolla... Så kjekt at ho inspirerte deg til å velja verdas viktigaste yrke, Camilla...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar