Ja, kvifor har eg valgt akkurat dette studiet? Eg valgte lærarutdanninga fordi eg synes at dette virka som ei utdanning som passa meg. Eg likar å omgås andre mennesker og likar å vera sosial:) Eg tvilte ganske mykje på om dette var den rette retninga å gå i mitt tilfelle, men nå etter å ha gått ei vekes tid synes eg at dette kan vera tingen. Grunnen til at eg valgte akkurat HSH er egentilg ganske tilfeldig. Hadde ikkje dei store forventningane. Grunnen til at eg havna her er at det var nært Auklandshamn og dermed slapp eg å flytte ut frå heime i frå....
Oppstraten av pedagogikk og blogging
Her kjem litt om oppstarten av pedagogikken og blogging som metode. Dette var jo eit innlegg som skulle vore lagt ut i byrjinga av året men sidan det ikkje blei lagt ut så blir dette eit innlegg som blir litt annleis.
I etterkant av året ser eg at pedagogikkfaget har vore eit krevjande fag og eg ikkje var forberedt på. Hadde lite eller ingen forventningar til faget før eg starta på lærarutdanninga. Men etter å ha hatt pedagogikk i eit år nå så har er meir og meir fårtt interesse for faget.
Når det kjem til blogginga så var blogging eit heilt nytt felt for meg når eg byrja på lærarstudiet. Eg starta med blogginga med godt mot, men når noko er heilt nytt tar det litt tid å komme inn i det. Når eg ser tilbake på arbeidet med blogginga ser eg at eg sjølv kunne vore flinkar med oppfølginga og spesielt det å vere kritisk venn (noko som eg synst har vore ganske vanskelig)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
...og det skulle vera grunn god nok det, Camilla!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar