Denne økta tok føre seg korleis ein som lærar kan på ein god måte leie basisgruppa si. Dette er viktig fordi samfunnet i dag er i stadig omveltning. Mange snakkar om "livslang læring". Me må videreutdannast, omskolerast og me skiftar jobb opp til fleire ganger. Både det at unge i dag veks opp i e-generasjonen og dei nyare oppvekstvilkåra gjer at ein lærar har mykje å sette seg inn i og ta hansyn til. I dag er det færre som giftar seg enn for eit par år sidan og det er fleire skillsmisser. Det som eg tykjer kan vere vanskeleg for ein leier av ei basisgruppe er at han skal kunne ha autoritet utan å være autoritær. Eg tykjer det kan vere vanskeleg å balansera dette. Det å vise forståing og vera eit medmenneske tykjer eg er svært viktig. Dette må ein lærar kunne. Og så klart må ein lærar ha fagleg fokus og kunne sette grenser. Eg tykjer også at ein lærar må kunne vere rettferdig på den måten at han behandlar elevane likt, men allikevell kunne sjå situasjonen an. Det at ein lærar kan undervise og har eit slik stemmebruk at han kan hålle konsentrasjonen oppe hos elevane og at det ikkje blir kjedlig er viktig. han må kunne engasjere elevane. Ein lærar må kunne takle overgongane mellom ulike fag og timar slik at det ikkje blir mykje uro. Dette har eg erfart at kan vere ganske vanskeleg i og me at det blir mykje bevegelse i klasserommet. Her er det viktig med rutiner. Det er og særdeles viktig for ein leiar at han har eit godt samarbeid med foreldra for å sikre eit godt klassemiljø, då kan foreldra føle seg meir inkludert. Noko som gir ein positiv virkning. Foreldra kan vere til hjelp. Av eigen erfaring meiner eg at det er viktig at det er varierande arbeidsmetodar i ulike tema.
I nokre tilfeller er det og viktig at læraren ber om hjelp frå ulike parter som ppt eller andre slike parter. Respekt er veldig viktig når det kjem så langt. Respekt for elevane og foreldra deira.
Ulike undervisningsmetodar
Eg syns at det er viktig at ein lærar har ulike undervisningsmetodar å spele på for å lage variasjon i undervisningar. Dette er spesielt viktig i henhold til tilpassa opplæring. Tilpassa opplæring er lovfesta og alle elevar har rett på tilrettelagt undervisning. derfor er det viktig for ein lærar å ha fleire metodar å spele på for at elevane i basisgruppa skal få mest mogleg utbytte av undervisninga.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hmmm, kan du sjå litt på denne setninga: I dag er det færre som gifar seg enn for eit par år sidan og det er dermed fleire skillsmisser. Vert det fleire skilsmål av færre giftemål?
Birgit :-)
PS! Hugs punktum etterfulgt av STOR bokstav.
Legg inn en kommentar