lørdag 26. april 2008

Oppsummering av året og skulefrukost på Børtveit.

Så var me kommen til den siste økta i pedagogikk før sluttføringa. Eg må ærleg innrømma at det er ganske skremmande.

Denne dagen starta me med skulefrukost på Børtveit og dette var kjemmpe koseleg. Alle hadde med sitt bidrag til frukosten og eg er sikker på at alle åt seg gode og mette:) I tillegg til frukosten fekk me informasjon om sluttføringa i pedagogikk.

Etter at me var ferdig på Børtveit fekk me sjå dei samansatte tekstane til dei ander gruppene noko som var kjempe kjekt. Nokrevar ferdig med tekstane sine medan nokon hadde litt igjen å gjere.

Mi gruppe, eg og Astrid, var ikkje heilt ferdige med vår tekst så eg synst det var kjekt å sjå dei andre tekstane så me kunne få nokre idear til kva me kan gjera annleis.

Eg syns at dette var ei knakande kjekke avslutande pedagogikk økt og nå er det bare å stå på den siste tida fram til sluttvurderinga:)

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Så sant som det er sagt, Camilla...
Eg har lagt inn nokre ord om siste innlegget i bloggen, som skal vera refleksjonsnotatet, i lærarbloggen.

Birgit :-)

Astrid Maria sa...

Skulefrukosten var kjekk ja! Eit lite avbrekk frå innleveringar og eksamenar som heng øve ås!:) Men det er berre til å stå på! Eg veit du blir ein knakande god lærar:)