tirsdag 22. april 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori

Korleis ser eg på meg sjøl? Korleis ser elevane på seg sjølv som individ? I skulen meiner eg det er viktig at me som lærarar kan hjelpe elevane til å utvikle eit godt sjølvbilete. Dette kan gjere elevane motiverte og gi mestringsfølelse. Eg meiner at for å gi elevane muligheten til å utvikle eit godt sjølvbilete må me som lærarar unngå å sette elevane i «bås»vog gi dei negative merkelappar, men heller oppmuntre elevane til mestring.

Me kan skilje mellom meg-et og eg-et. Her ser me at eg-et er det ubevisste og meg-et er det bevisste. Akkurat dette synst eg at var ganske vanskeleg å forstå og eg datt lett av undervisninga. I etterkant har eg sett at sjølvet som subjekt (eg) er viktig for motivasjonen.

Denne økta såg vi og på forskjellen på korleis jenter og gutar tolkar suksess og nederlag. Etter å ha følt at det var ei økt med ganske tungt stoff blei eg straks meir vaken. Dette stemmer jo temmelig bra og eg kjente meg ganske godt igjen i dette. Det at gutar ser på nederlag som uflaks og suksess som dyktighet, medan jentene ser på suksess som flaks og nederlag som manglende evner.
Eg kan sjølv hugsa korleis det var når du hadde gjort det dårleg på ein prøve. Då var sjølvbilete svært dårleg og eg kunne ikkje stoffet i det haile tatt, medan hadde det gått bra på ein prøve så var det bare flaks, uavhengig av kor mykje eg hadde lest på pensum i førkant av prøven.

Eg synst alt i alt at dette var ei undervisningsøkt som var ganske tung, men etter å ha lest litt i etterkant er dette temaet ein del klarare.

1 kommentar:

Cathrine sa...

Hei hei=)

Eg syns også denne økta var ganske tung, men etter at me hadde skreve den oppgåva i motivasjon, blei alt mykje klarare for meg! Følte du òg det?

Det er mykje som skal gjerast no før eksamensinnleveringa, du får ta i eit skippertak å bli ferdig med bloggen din! =) eg veit alt om kva det vil seie å ta eit skippertak...hehe=)

Cathrine