lørdag 26. april 2008

Spesialpedagogikk

I denne ynskjeøkta hadde me valgt å få ei økt som omhandla noko som eg syns er veldig spennande, spesialpedagogikk. Spesialpedagogikk føler eg er noko me kjem bort i ganske ofte og då så klart spesielt i praksis. Skulen må ta hensyn til alle elevane på skulen og legge til rette for dei. Dei må ta hensyn til språk, pysisk og fysisk utrustning, heimebakgrunn og verdiar. Dette noko som gjer det utfordrande for ein lærar når han skal tilrettelegge undervisninga til alle elevane. Her kjem me inn på prinsippet om tilpassa opplæring.
Spesialundervisning er også noko som ein som lærar kjem borti og den omhandlar elevar som har ei eller anna form for funksjonssvikt. Og dette krev spesialkompetanse frå læraren si side.
Lese og skrivevanskar eg noko som eg synes at me høyrer meir og meir om. Kanskje fordi det er meir framme i lyset nå enn tidlegare? Det som er litt spesielt er at det er så pass mykje meir utredt blandt gutar enn jenter. Her meiner eg at det er viktig å tidleg få gitt eleven den hjelpa han treng.
Noko som me, iallefall ikkje eg, har høyrt så mykje om er den såkalla dyskalkulien (matematikkvanskar). Det finnes faktisk elevar som slit med tallfobi. Det synes eg var ganske spennande å høyre om fordi det er heilt nytt for meg. Me har høyt mykje om lese og skrivevansker, men lite om elevar som slit med tallfobi.

Ingen kommentarer: