tirsdag 29. april 2008

Refleksjonsnotat

No var tida kommen for det siste innlegget i denne pedagogikkbloggen. Eg vil seie at det er skremmande at dette første året med pedagogikk allereie er over og at det snart er sommar. Dette første året på allemenlærarutdanninga har vore utruleg spennande og det har gått enormt fort.
Første dagen på Stod møtte eg opp heilt alleine utan å kjenne nokon, men det tok ikkje lang tid før eg møtte andre som var like "alleine" som meg og det var ikkje vanskeleg å komme i kontakt med nye mennesker. Eg synst at me har vore ein fantastisk kjekk gjeng og ser fram til å skulle byrja på an igjen til hausten igjen, men det skal blir fint med litt ferie først.





Dette første året med pedagogikk har vore eit år med mykje å tenkje over og mykje å setje seg inn i. Når eg starta året med pedagogikk så hadde eg ikkje noko forhold til faget og strengt tatt visste eg lite om kva det gjekk ut på.
Eg var spent på kva faget inneheld og kva det gjekk ut på. Når eg ser tilbake på det siste halvåret ser eg at eg har hatt utruleg god nytte av dette faget og det har vore kjempe spennande. Det har til tider vore krevjande men allikevel kjekt.

Så var det blogginga då. Blogging hadde eg vel nesten så vidt høyrt om før me byrja med det i pedagogikken, men når eg ser tilbake på tida med blogging ser eg at eg har hatt god nytte av denne arbeidsformen. Blogging gjer at eg har blitt tvungen til å setje meg ned og tenkje over kva me har gått gjennom i forelesningane og reflektere over mine eigne tankar. Å for å vere ærleg så er det å setje seg ned og ta tid til slikt ikkje noko eg har enkelt for å gjera, så då er det veldig greit å vli tvungen ein gang i blandt. I etterkant ser eg at eg kunne vore enda flinkere med å blogge og vere kritisk ven, som og har vore ganske lærerikt. Det å vere kritisk ven var i byrjinga ikkje enkelt, men etter som tida gjekk og me blei betre med kvarandre kjent var dei ikkje så skummelt lenger.

Eg synst at pedagogikkfaget reint fagleg sett har vore ganske krevjande. Det er mykje fagstoff og setje seg inn i, men ved hjelp av dei forskjellig oppgåvene me har vore gjennom så har eg sett nytten av dette fagstoffet.

Dette året har me jobba mykje med læringsteoriar. Det har vore kjempe spennande, men fagstoffet har vore ganske tungt. Eg synst at det har vore vanskeleg å skulle finne ut kva for ein læringsteori som passar meg. men når eg har jobba både som student på HSH og som student i praksis har eg blitt fasinert av Gardners MI-teori. Denne teorien ønsker å fokusere på kor forskjellige elevan er og legger vekt på at alle har forskjellig sterke sider. Gardner la vekt på evnen til å løse problem, og evnen til å bruke kunnskaper i nye situasjoner.



På 80 – tallet lanserte Garner teorien om multi – intelligenser (MI-teori):
Språklig intelligens
Logisk – matematisk intelligens
Romlig intelligens
Kroppslig – kinestetisk intelligens
Musikalsk intelligens
Interpersonlig intelligens
Intrapersonlig intelligens
Naturalistisk intelligens


I tillegg til MI-teorien har eg og funnet Dunn og Dunn læringsstilsmodell svært interessan.
Når me starta med det første oppdraget vårt om dei forskjellige læringsteoriane og teoretikarane rundt dette syns eg at det var vanskelig å velje kva me skulle velje på praksisgruppa. Det var så mykje å velje mellom. Me skulle seie noko om korleis me trudde born lærar, kva syn me hadde på kunnskap, korleis ein skulle kunne undervise på best mogleg måte og korleis me skulle kunne motivere elevane. Mi praksisgruppe endte med å velgje å legge vekt på akkurat læringsstilmodellen til Dunn og Dunn. Eg syns at det var svært spennande å sjå på dei 20 elementa som seier noko om korleis me konsentrerer oss, korleis vi tar til oss, bearbeidar og held fast på ny kunnskap.



Miljømessige stimuli med elementene: lyd, lys, temperatur og innredning
Følelsesmessige stimuli med elementene: motivasjon, ansvar, utholdenhet og struktur
Sosiologiske stimuli med elementene: individuelt, i par, jevnbyrdige, gruppe, voksen, varier
Fysiologiske stimuli med elementene: persepsjon, mat/drikke, bevegelse, tid på dagen
Psykologiske stimuli med elementene: analytisk - global, reflekterende – impulsiv.



Ein av dei første øktene i pedagogikk var om kommunikasjon og samarbeid. dette meiner eg var ei veldig viktig økt så tidleg på hauste mykje fordi at i løpet av året som har gått har me i veldig stor grad jobba i grupper. Me har jobba i praksisgruppa vår og me har jobba i eit team med praksislærar i praksis. Det å kunne samarbeide og kommunisere har då vore kjempe viktig. Eg må vera ærleg å sei at det har vore konflikter innad, men ved hjelp a god kommunikasjon trur eg det har løyst seg for dei fleste. Det er og så klar veldig viktig å kunne samarbeide og kommunisere med elevane i klassen og det å vise at du meiner noko med heile deg er viktig. Ikkje komme med noko positivt viss du ikkje kan vise det med heile deg. Elevane merkar fort dersom du seier ein ting og meiner ein annan ting.



Ein annan ting som eg har funnet veldig spennande dette året et alle dei forskjelllige oppgåve ein lærar har. Ein lærar skal vere ein leiar, ein omsorgsperson og eit forbilde for elevane. det er mange oppgåver som eg ikkje tenkte over at ein lærar har før eg byrja på allmennlærarutdanninga. dette er alle viktige oppgåver som treng godt gjennomtenking.


Me hadde i vår eit seminar om yrkesetikk som eg fann svært givande. Dette seminare tok føre seg etikk i læraryrket og me fekk utdelt fire ulik casar som me skulle jobbe med. Dette syns eg sjøl at eg fekk mykje ut av og det var kjekt å kunne jobbe på tvers av klassane. Eg meiner at det er noko me burde ha gjort meir.

Ei av oppgåvene som me jobba med var at me skulle setje opp 10 yrkesetiske bod for ein lærar. me kom fram til 10 bod som me på gruppa var einige om.

Eg vil nemne tre av dei boda som eg sjølv synst var dei viktigaste:


1. Vere glad i menneske.

2. Engasjement/glød for faget.

3. Fagleg kompetent og trygg på undervisninga og faget.


Eg syns at det er viktigast at ein lærar er glad i mennesker. Ein lærar jobbar heile tida med mennesker, for mennesker.

Det er også viktig at læraren viser at han er interessert for det han driv med. Ein lærar som ikkje er engasjert er ikkje noko kjekt. her vil eg ros birgit for at ho har vore ein lærar som har tydleg vst engasjement og glød for pedagogikkfaget gjennom heile året.

Eg meinar til slutt at ein lærar må vere fagleg kompetent for at elevne og skal synes faget er interessant. Ein lærar må kunne fagstoffet sitt og møte forberedt til undervisninga.

I tillegg til desse tre kjem teieplikta som er lovpålagt og kjempe viktig.


Eg vil avslutte dette refleksjonsnotatet med å at pedagogikk har vore eit fag som har gitt meg utruleg mykje på eit år. Eg føler at er på grunn av dette faget har utvikla meg sjølv mykje både på det faglege plan, men også personleg. Eg er nå sikker på at det er lærar eg vil bli, men det er framleis eit stort utviklingspotensiale når det gjeld pedagogisk grunnsyn. Dette er noko eg ser fram til å jobbe vidare med til neste år.


Heilt til slutt vil eg ynskja Birgit og alle andre ein fantastisk fin sommar.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Takk for i år, Camilla...
Det har vore kjekt å bli betre kjend med deg, ein riktig god sommar til deg og!

Birgit :-)