lørdag 26. april 2008

Praksisperiode 3

Dette var ein praksisperiode som eg såg vekeleg fram til. Etter 2. praksisperiode i haust var eg meir bestemt på at det var lærar eg ville bli og så klart var det kjekt å skulle få sjå elevane igjen. Mi praksisgruppe hadde også fått ny praksislærar, noko som gjorde det ekstra spennande.

Denne perioden hadde eg som mål å bli tryggare i ein undervisningssitusjon. Dette var eit mål eg i etterkant føler at eg har nådd. Så klart er det ein lang veg å gå enda, men eg føler nå at eg er mykje tryggare i å ta ledelsen. Det har sikkert mykje med at i den første praksisperioden brukte me mykje av tid til å bli kjent med praksisskulen og organisering av skulekvardagen på Skåredalen samt å bli kjent med elevane, men i denne perioden var fokuset meir på klasseledelse og formidling av fagstoff.

Det eg merka veldig godt i denne perioden var at det å tilrettelegge tida er ganske vanskeleg og noko som krever mykje trening. Det som eg og meiner eg må jobbe videre med er å kunne forklare elevane bedre kva dei skal gjere og forklare oppgåvene grundigare for dei.
Ein ting som eg og erfarte var at det eg ganske mykje enklare å undervise i eit fagfelt som du sjølv er trygg på. Til dømes hadde elevane om elektrisitet i naturfag denne praksisperioden, eit tema sem eg føler meg ganske trygg på. Her laga elevane elektroniske spill og var ellers ganske engasjerte. Då hadde me det ganske kjekt:)

Ingen kommentarer: