lørdag 26. april 2008

Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring synes eg er både eit spennande, men også eit ganske krevjande tema. Å kunne tilpasse undervisninga til alle elevane i klassen ut frå kvart enkelt elev sitt behov er arbeidskrevjande for ein lærar noko somme erfarte i praksis.

Når eg har arbeida med temaet tilpassa opplæring har meg sett at under dette temate er det mange lovar og reglar som er gjeldande. Her er Opplæringslova den mest sentrale lova.

Opplæringslova seier:

§1-2
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.

Eg meiner at det er viktig at alle elevane skal få muligheten til å lære på lik linje med alle dei andre elevane i klassen og få samme utbytte av undervisninga. Eg meiner at det er viktig at elevar ikkje føler at dei fell utanfor fordi kanskje ikkje klarer å få utbytte av undervisninga. Dette gjeld alle elevane og ikkje bare dei med spesielle behov.

I tillegg til dette kjem spesialundervisninga som skal hjelpe dei elevane som ikkje kan få samme utbytte av den ordinære undervisninga som dei ander elevane i klassen.

Opplæringslova seier om spesilaundervisning:
§4-2
Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5.

Kapittel 5 i opplæringslova seier at det skal leggast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. I tillegg skal opplæringstilbodet gi eleven eit forsvarleg utbytte av innhaldet i opplæringa i forhold til dei andre elevane og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Dei elevane som får spesialundrevisning skal også ha det samme undervisningstimetalet som dei andre elevaen.

Eg meiner at tilpassa opplæring er noko som må fokuserast på og ikkje glømmast. Det er viktig at elevane på forskjellige måtar skal kunne vise at dei kan.

http://lovdata.no



Ingen kommentarer: