lørdag 26. april 2008

Rettleiing og vurdering

Denne økta om rettleiing og vurdering synes eg var ganske spennande. Det er eit tema som eg på førehand av lærarstudiet ikkje hadde tenkt så mykje på, men etter å ha hatt seks veker med praksis dette året har sett at er ganske arbeidskrevjande. Derfor synst eg at det var kjekt med denne økta å få litt meir innblikk i temaet.

Eg meiner at når det kjem til retleiing er det viktig at rettleiaren har ein god dialog med den personen som skal veiledast. Det er og viktig å stille dei gode spørsmåla og å kunne vera utforskande saman med personen som skal veiledast.

Vurdering er og eit spennande tema. Korleis skal du vurdera eleven og kva skal eleven vurderast ut i frå? Me har då høyrt om formativ vurdering (vurdering på slutten av noko) og summativ vurdering (løpande vurdering). Her er det jo ganske individuelt kva som er best for den einskilde elev.
Vurdering er viktig og eg meiner at ein av dei viktigaste grunnane til vurdering for mange er motivasjonen til å arbeide videre. Vurderein er også så klart viktig for at elevene og dei føresette skal kunne sjå måloppnåinga til eleven.Vurderinga er og ein viktig faktor når det gjeld informasjon til samfunnet som arbeigsgiverar, videregåande skular og høgskular. I tillegg til dette kan vurdeinga av elevane nyttast til å sjå korleis skulen si måloppnåing er og kvalitetssikring.

Ingen kommentarer: