lørdag 26. april 2008

Yrkesetisk seminar

Seminare starta at me fekk høyre litt om tieplikt og opplysningsplikt samt generelt om yrkesetikk for ein lærar og skikkethet. Eg synes at det er vanskeleg å skilje mellom desse. Når skal du tie og når skal du opplyse? Detter er både veldeg vanskeleg samt veldeg viktig. Det som eg synes eg vanskeleg med tieplikta er at du ikkje skal snakke med nokon om det du har opplevd. Ikkje ein gang dei nærmaste heime.

Så blei me delt inn i grupper på tverrs av klassane der me fekk utdelt 4 casar som me skulle jobbe med pluss at me skulle sette opp minst 10 yrkesetiske bod for lærarar som gruppa skulle vera samde om. Me kom fram til dei 10 boda under etter ein liten samtale oss i mellom. Me var egentleg ganske enige om dei fleste punkta. Me synst at det var enklast og plassere dei øverste boda, men dei nederste hadde me litt poblemer med å velge rekkefølgen på. Me synst at dei hang så pass isammen og utfylte kvarandre.

10 yrkesetiske bod for lærarar:

1. Vere glad i menneske
Grunngjeving: Ein må like å jobbe med menneske, og trivs med å ha folk rundt seg. Er ein ikkje det, har ein heller inga glød å overføre til andre.

2. Engasjement/glød for faget
Grunngjeving: Viss ikkje engasjementet og gløden for faget er til stades, har ein heller ingen ting å gje av seg sjølv. Om læraren er motivert for det han eller ho gjer, vil dette også påverke elevane sine interesser for faget.

3. Vere anstendig og skikka til yrket
Grunngjeving: I følgje forskrifta om skikkethetsvurdering i lærarutdanningane, skal einkvar student visa seg skikka til å tre ut i læraryrket. Viss ein student av ein eller annan grunn ikkje viser seg skikka, skal det bli tatt ein skikketshetsvurdering av den aktuelle studenten.
Å vere anstendig vil også seie å mellom anna vere kledd ordentleg, vere reinsleg, og oppføre seg ordentleg og passande i aktuelle situasjonar.

4. Taushetsplikt
Grunngjeving: Ein av dei mest grunnleggjande pliktene i læraryrket, og denne plikta er lovbestemt. Skapar eit tillitsforhold, blant anna mellom lærar og elev, og mellom lærar og foresatte. Opplysningar om personlege forhold skal ikkje bli brakt vidare av den yrkesutøvaren dei utleverer seg til.

5. Kunne skilje privatliv og jobbsamanheng, og med det vere profesjonell.
Grunngjeving: Ein skal vere ein god rollemodell, og med det vere var og klar over dei ulike rollene sine, mellom anna: Rettleiar, omsorgsperson, ven og lærar

6. Fagleg kompetent og trygg på undervisninga og faget
Grunngjeving: Det er viktig heile tida å fornye/oppdatere undervisninga, at ein kan kunnskapen som skal vidareførast, og at ein har evne til å variere undervisninga.

7. Sjå og følgje opp den einskilde elev
Grunngjeving: Oppfølging, elevsamtalar, tilpassa opplæring og diskresjon er sentrale stikkord som for seg sjølv og til saman seier mykje om kor viktig den einskilde elev er.

8. Vere godt forberedt til timane
Grunngjeving: Ha struktur i planlegginga, både når det gjeld tidsmessige og faglege grunnar.

9. Evne til å samarbeide og til å kommunisere
Grunngjeving: Både samarbeid med elevar, føresatte og kollegaer står sentralt i læraryrket, då ein ikkje kjem nokon veg utan. Kommunikasjon er også eit viktig reiskap.

10. Vise evne til samfunns- og kulturforståing
Grunngjeving: Evne til å forstå elevane sin kvardag og kunne ”hengje med” i dagens samfunn, både når det gjeld til dømes religionar og teknologi.

Etterpå gjekke me gjennom dei forskjellige casane noko som eg synst var veldig spennande fordi temaet yrkesetikk ikkj er eit tema som er lett å lese seg fram eit fasitsvar i. Det var ein god arbeidsmåte å diskutere dette gruppevis for da fekk me med forskjellig synspunkt. Eg synst også at oppsummeringa av yrkeseminaret var ganske bra for då fekk me i tillegg høyrt synspunkta til dei andre gruppene.

Eg synst sjølv at eg fekk mykje ut av dette yrkesseminaret.

Ingen kommentarer: