tirsdag 22. april 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori

Korleis ser eg på meg sjøl? Korleis ser elevane på seg sjølv som individ? I skulen meiner eg det er viktig at me som lærarar kan hjelpe elevane til å utvikle eit godt sjølvbilete. Dette kan gjere elevane motiverte og gi mestringsfølelse. Eg meiner at for å gi elevane muligheten til å utvikle eit godt sjølvbilete må me som lærarar unngå å sette elevane i «bås»vog gi dei negative merkelappar, men heller oppmuntre elevane til mestring.

Me kan skilje mellom meg-et og eg-et. Her ser me at eg-et er det ubevisste og meg-et er det bevisste. Akkurat dette synst eg at var ganske vanskeleg å forstå og eg datt lett av undervisninga. I etterkant har eg sett at sjølvet som subjekt (eg) er viktig for motivasjonen.

Denne økta såg vi og på forskjellen på korleis jenter og gutar tolkar suksess og nederlag. Etter å ha følt at det var ei økt med ganske tungt stoff blei eg straks meir vaken. Dette stemmer jo temmelig bra og eg kjente meg ganske godt igjen i dette. Det at gutar ser på nederlag som uflaks og suksess som dyktighet, medan jentene ser på suksess som flaks og nederlag som manglende evner.
Eg kan sjølv hugsa korleis det var når du hadde gjort det dårleg på ein prøve. Då var sjølvbilete svært dårleg og eg kunne ikkje stoffet i det haile tatt, medan hadde det gått bra på ein prøve så var det bare flaks, uavhengig av kor mykje eg hadde lest på pensum i førkant av prøven.

Eg synst alt i alt at dette var ei undervisningsøkt som var ganske tung, men etter å ha lest litt i etterkant er dette temaet ein del klarare.

tirsdag 29. januar 2008

Motivasjon

Måndag 28. jaunar hadde me ei økt på om motivasjon, samt litt oppsummering av punktpraksis. me starta med litt oppsummering av punktpraksis i praksisgruppene. Me på mi praksisgruppe kom fram til at me syntes at alt hadde gått ganske greit. Det som kunne gått betre fann me ut var at den power point presentasjonen me hadde for elevane om svartedauden var litt i lengste laget og at me kunne vore litt meir forberett når det gjaldt å gjere klar videokanona. me fann og ut at me burde hugsa å informere elevane om at dei måtte hugse å lagre underveis når dei laga presentasjonane sine fordi den eine gruppa var så uheldige at dei mista sin presentasjon fordi sraumen på dataen forsvann. det som me fann svært positivt den dagen var at elevane var aktive og engasjerte. Spørjeundersøkelsen me hadde med elevane om bruk av inernett synes me og virka positivt. Me synst iallefall at den var nyttig for vår del.

Etter denne oppsummeringa skulle me begynne med temaet motivasjon. eit tema som eg synes eg veldig spennande og det er eit tema som er lett å snakka om og kjenne seg igjen i. me fekk velje mellom vanleg forelesning og sjølvstendig gruppearbei. Klassen valte gruppearbeid. Arbeide var basert på at me ved hjelp av ein lesestrategi og samarbeid skulle tilegne oss noko av det fagstoffet om motivasjon som står i Imsen-boka. Eg følte for min del at eg ikkje fekk med meg så mykje av dette stoffet fordi eg sjølv føler at det ikkje var den rette måten å arbeide for meg, men det var kjet å prøve ein annan måte å lese fagstoff på enn den vanlege lesemåten som me er vant med. Eg synst at det var særleg greit at me fekk lagt ut dei spørsmålasom me lagde ut på fronter slik at me har dei også til seinare arbeid.

torsdag 24. januar 2008

Barn og nye media: Punktpraksis 22.januar 2008

Denne dagen skulle me studentar ha ansvaret for ein dag i praksisklassen vår der me skulle nytte digitale verktøy. I førekant av denne dagen hadde me ein dag på praksisskulen der me observerte korleis klassen brukte digitale verktøy. Denne dagen brukte praksislæraren i hovudsak datamaskinane til å lage sektordiagram i Excel. Av praksislærar fekk me utdelt to tema, svartedauden og nettvett, til den dagen me skulle ha ansvaret for.. Me fekk 4. skuletimar til rådigheit. Me bestemte då at me skulle ha tre timar med hovudvekt på svartedauden og den siste timen ville me fokusera på nettvett.
Me bestemte oss for å fokusere på bruken av Power Point denne dagen. Me starta dagen med at me var på skulen ei stund før elevane for å gjere klar datamaskinane og internett. Me hadde på førehand laga ein Power Point presentasjon av svartedauden som me presenterte for elevane etter at me hadde spurt elevane litt om kva dei kunne om svartedauden frå før. Elevane kunne litt, men dei hadde meir å lære. Etter at me hadde gått gjennom vår presentasjon hadde me ein liten innføring i Power Point med elevane. Me fann ut at elevane eigentleg var ganske trygge på bruken av dette. Så skulle elevane sjølv lage ein presentasjon. Me hadde nokre kriterium: dei skulle ha med 5 bilete og ti faktasetningar (ein faktasetning på kvart lysbilete). Nokre elevar blei raskt ferdige med dette, medan nokon brukte lengre tid. På grunn av knapp tid hadde me avtala med praksislæraren vår at dei skulle ta framføringane av Power Point presentasjonane ein annan dag.
I slutten av tredje time starta me med temaet nettvett. Me gav elevane ein spørreundersøkelse om bruk av internett og diverse nettsider samt kva dei la ut på nettet om seg sjølv og andre. Me blei litt overraska over at dei faktisk la ut så pass mykje om seg sjølv som dei gjorde. Svara elevane gav oss brukte me når me bestemte kva me skulle leggje hovudvekt på i den siste timen. Den siste timen starta me med å snakke litt om nedlasting av film, musikk og spill frå internett. Diskusjonen tok føre seg nedlastingsprogram, i hovudsak Lime Wire, noko som elevane nytta ganske flittig. Ina har ein god del kunnskap om dette temaet og det gav elevane ganske god informasjon om kva som var lov og ikkje lov noko så dei satt stor pris på. Etterpå såg me to filmar frå dubestemmer.no som tok føre seg korleis nokon kan bruke nettet til å finne informasjon om deg som eg lagt på nettet. Til slutt snakka me med elevane litt om bruk av MSN og det å legge ut informasjon om seg sjølv på nettet og me gjekk gjennom Redd Barnas nettvettsreglar. Desse har me tenkt å ta opp igjen når me skal ut i praksis til våren.
Eg vil sei at dette var ein vellykka dag der elevane var engasjerte og arbeidde godt. Erfaringar me gjorde oss var det at det ikkje alltid er enkelt når ein skal bruke digitale verktøy, men me var heldige denne gangen. Internett fungerte eksemplarisk heile tida.

Nettvettreglar:
1. Du må aldreg fortelja nokon som du møtar på internett kva du heiter, kor du bur eller kva for ein skule du går på.
2. Ikkje send bileter av deg sjølv.
3. Bruk ei anonym e-post adresse når du surfar på internett og chattar med personar du ikkje kjenner.
4. Viss du skal møte ein person som du har chatta med på internett, må du ha med eg ein vaksen som du stolar på.
5. Hugs at personar som du chattar med kan vere uærlege og kan lyge på for eksempel alderen sin.
6. Du skal ikkje svare dersom du får ein skummel e-post eller blir redd når du chattar. Då seier du frå til ein vaksen og kan bytte e-post adresse.
7. Når du skal laste ned spel eller liknande, gjer det saman med ein vaksen.
8. Dersom du opplevar noko skummelt eller ubehageleg, meld frå til ein vaksen du stolar på. Eller du kan ta kontakt med politiet på www.tips.kripos.no

Animasjon og biletbehandling

Måndag 3. Desember hadde me ei økt med animasjon og biletbehandling. Dette tykkjer eg var ganske interessant, men eg tykkjer og at me kunne hatt litt meir av dette på skulen. Eg for min del har litt vanskeleg med å ta meg tid til å gjere dette på eigenhand og finne ut av det sjølv.
Eg tykkjer at det var lærerikt med informasjon og undervisning i PhotoShop. Det var mykje eg ikkje visste om dette og det er ein god hjelp når me har tatt bilete og skal redigere dei. Det var og interessant å lære litt om korleis ein skal lage ein animasjon. Det er mykje å lære når det kjem til å bruke alle desse programma og det kan gå litt i stå, men tar tida til hjelp.





Dette er då plakaten min så eg laga denne dagen.



Dette er då animasjonen min. Meininga med ein animasjon er at den skal bevega seg. Det fekk eg ikkje til. Eg skrik derfor om HJELP! Korleis får eg blomsten min til å gro?

http://stud.hsh.no/home/127324/Animasjon/Blomst.gif

Animasjon og biletbehandlig kan vere spennande å prøve seg på ute i praksis. Desverre fekk me ikkje moglegheiten til å prøve oss på dette i vår klasse, men eg kan tenkje meg at det kan vere spennande å bruke dette for eksempel i forbindelse med eit prosjekt det elevane jobbar med eit spesielt tema der det kan nyttast for eksempel animasjonar i framføringa eller at dei kanskje skal l der ein laga ei "veggavis". Dette meiner eg og kan nyttast i kunst og handverk-faget der ein lærara o animasjon og biletbehandling. Biletbehandling er jo ganske aktuelt på grunn av at nå har mange mobilar ganske brukbare kamera og unge tar mykje bileter og då er det kjekt å kunne fikse bildene sånn at dei blir slik du vil ha dei.

Tur og oppsummering av praksis

Eg fekk dessverre ikkje vore med på turen og oppsummering av praksisen. Eg var sjuk. Dette var ein tur eg hadde sett fram til, men sånn kan det gå. Eg såg verkeleg fram til denne turen.

tirsdag 4. desember 2007

Praksis hausten 2007

Denne gongen var me ute i praksis i 2 veker. Eg vil seie at denne gongen fekk eg eit betre blikk i korleis læraryrket eigentlig er. Eg er nå litt meir trygg på at eg har valgt rett. Eg synes at det særleg var spennande å vera med å delta i undervisning, noko som var heilt nytt for meg. Eg synes og at det var kjekt å blir betre kjent med skulen og rutinane på Skåredalen. Det var og kjekt å bli betre kjent med elevane og ikkje minst var det lettar nå når me hadde klart å lære namna på dei. Det er var ikkje særleg kjekt å heile tida referere til DU når me skulle snakke med elevane.

Ein ting eg er sikker på at me på mi praksisgruppe har fått erfare er at det er særdeles viktig med god planlegging i forkant av ei undervisningsøkt. For eksempel prøvde me oss på prosjektarbeid i KRL. Temaet var buddhismen og elevane skulle anten dramatisere noko frå pensum, eller lage Power Point presentasjonar. Me fann fort ut at den første timen som dei skulle jobbe med dette ikkje var godt nok planlagt og dermed blei det ganske så mange forvirra elevar å forholda seg til og ein del av dei bare tok av på vei til datarommet. Til den neste økta hadde me planlagt litt betre og då blei det og ein betre arbeid. Under dette opplegget fann me og ut at det er viktig å planlegge tida godt. Sidan me tok føre oss heile pensum i boka blei det litt knapt med tid. Eg trur at elevane hadde hatt meir fagleg utbytte at prosjektet viss dei hadde hatt litt lenger tid på seg.

Eg synes og at det nå var lettare å sjå korleis forholda var mellom dei ulike elevane i klassen og det var nå lettare å sjå kven som trivdes å vere i lag.

Til å begynne med når me ikkje var så trygge på undervisningssituasjonen starta me på praksisgruppa med å ha ein undervisning der me var tre stykk som underviste. Det viste seg å ikkje vere heilt enkelt. Det gjekk greitt med to, men eg synes at det var lettare når det bare var meg aleine. Då synes eg at eg hadde betre kontroll på klassen og at elevane visste kven dei skulle forholda seg til av lærarane.

Eg følar alt i alt at eg har fått mykje ut av denne praksisperioden og ser fram til neste praksisperiode på nyåret!

Eit av måla eg hadde sotte meg før denne praksisperioden var å lære navnet på alle elevane i klassen. Når du kan navnet på alle elevane er det mykje enklare å kommunisere med dei. Eit anna mål var å bli tryggare i ein undervisningsitusajon siden det er heilt nytt og så var det ei utfordring å klare å disponere tida på ein riktig måte.

Eg føler at måloppnåinga var ganske bra. Eg klarte å lære meg navnet på alle elevane i klassen, utenom dei to einegga tvillingane....Det er vanskeleg:) blei litt tryggare på undervisningssituasjonen og det var knall kjekt å få prøve seg litt sjølv.
Når det kom til å bruke tida godt var det ganske vanskeleg og eg regnar med at det treng mykje øving til for å få det til.

Undervisningsplanlegging

Denne økta gjekk me gjennom kva ein lærar må tenkje gjennom før og under undervisninga. Me gjekk dermed gjennom 10 tesar for god undervisning. Me fekk forklaring på kva didaktikk eigentlig er og de gjekk gjennom definisjonar på dette.
Me fekk høyre om planlegging på ulike nivå som spenner seg frå ei undervisningsøkt til ein årsplan. Dei orda som er viktige å tenkje på i forkant av ”Kva? Kvifor? og Korleis?.
Kva skal undervisninga og aktivitetane handla om. Kvifor har du som lærar tatt dei vala du har tatt og korleis skal undervisninga og aktivitetane tilretteleggast.
Læringsmål: Læringasmåla må ha ulik vanskegrad innanfor ulike taksonomiske nivå noko so eg tykkjer kan vere vanskeleg å få til. Dei skal vere konkrete og lokalt utarbeidde.
Kunnskapstrappa: Denne trappa tar føre seg dei forskjellige nivåa i tilegnelsen av kunnskap. I botn av trappa finn me reproduksjon av fakta og på toppen finn me vurdering på bakgrunn av ein totalforståelse.

Rammefaktorar: Kan både virke avgrensande og motiverande for elevane.
Det er viktig med variert vurdering.

Til slutt i denne økta skulle me finne læringsmål til elevane som me skal ha i praksis ut frå det temaet som dei skal ha i matte. Dette synes eg var ganske vanskeleg og me måtte prøve fleire gonger før me blei fornøgde med resultatet.

10 teser for god undervisning:
1. Tydlig struktur på undervisningen og læreprosessen.
2. Effektiv utnyttelse av læretiden.
3. Sammenheng mellom mål, innhold og metodevalg.
4. Mangfold av metoder og organiseringsmetoder.
5. Innøving av ferdigheter mentalt og fysisk.
6. Lærerens individuelle støtte til den enkelte elev.
7. Et undervisningsklima som fremmer læring.
8. Meningsskapende språk i undervisningen.
9. Tilbakemelding fra elevene omkring læreprosessens form og innhold.
10. Avklaring av krav og vurderingskriteringer til elevens presentasjoner.

Av desse ti tesene meiner eg at tese nr. 1 er ein av dei viktigaste. Det at det er tydlig struktur på undervisningen og læreprosessen fordi det gjer at elevane og læraren har "kontroll" og det meiner eg er viktig. Nr. 2 er og viktig fordi det å få mest mulig ut av undervisninga på tida som er satt av er vanskelig. Det er og viktig at læraren kan fagstoffet sitt. I den siste praksisperioden erfarte eg at det var ganske mykje enklare å undervise i eit tema som eg sjølv var sikker på.

Eg meiner at evnen til å planlegge er veldig viktig fordi viss ikkje alt er planlagt er det vanskeleg å få elevane til å forstå kva dei skal gjere i og med at du som lærar ikkje er sikker sjølv. Då får ikkje elevane det læringsutbytte som dei har krav på.

MAKVISE-prinsippa:
Motivere
Aktivisere
Konkretisere
Variere
Individualisere
Samarbeide
Evaluere

Alle desse punktene er viktige faktorer når det gjeld undervisningsplanlegging. Eg synes spesielt at det er viktig med punktet motivasjon. Det er viktig å motivere elevane slik at dei VIL lære.